Larris er sjuk♠

Ikkje veit eg kva som feiler han, men etter oppførselen må det vere noko alvorleg🎄

Kom snø ,så eg tenkte eg fekk koste litt snø av stakkaren og starte han…

Ja det er ein han ..!!
For då skal eg sei han tok av..
Blinka i alle lys…kontakt forhandler sto det si flott…
Og han ga seg ikkje…tvert om..tok heilt av
Å snakke med han var nytteslaust…

Fekk han knapt av..
Så kva eg meinte om to mnd.gamle hybridbiler.. .

Kva sa eg, kom det frå Pengesluket..
No er ikkje han stort bedre med ulyder og dårlege dekk..ikkje kjørbar han heller

Så gamla gjekk innom sonen i håp om at han forsto seg på Larris..
Gjekk meg ein tur i snø og regn for å få av meg litt frustrasjon..

Og i dag pløyer dei, men slept på vegen..

Vel heime hadde sonen tatt seg ein alvorsprat med Larris.
Hadde ikkje forstått kva det var for plager han hadde.Men til slutt hadde Larris funne ut han skulle starte…
Ga opp sytinga..og oppførde seg.
Får sjå kva som skjer når eg prøver meg…men vert ikkje før i morra for eg er temmeleg sur på heile Larrisen..
Lite å stole på.

Snøen ser ut som den går over til regn.
Kanskje eg skal ta meg ein tur til naboen.
Hjelp på humøret🎄

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg