Får ikkje sove

No sit eg no her med kaffikoppen
Får ikkje sove,uro i kroppen
Ikkje veit eg kvifor hjernen spinn rundt
Lese budsjett og turnus er nok ikkje så sunnt

Mykje som sviv rundt oppi hjernen om natta
Ikkje alt eg begripe og fatte
Kan våkne kanske så svett og forkava
0fte av bortkasta tanker og svada

Men idag var problemet heilt aktuellt
Eller var nok eit gammalt ,men fortsatt reelt
Kvifor det plutseleg no kom i draumane opp
Ja det er ikkje greit å skjønne for ein gammal skrott

Så no sit eg her,godt innpakka i teppe
Høyrer om julebordsfyll og ta vare på din neste.
Det siste er viktig
Burde nok vi alle gjere
Då hadde verden vorte ein bedre stad å vere

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg