Fordi eg fortjerer det?:-)

Heilt ærlig og oppriktig så er eg drittlei av å ikkje vere i form.
Vakna med dundrande skallebank og totalt tett i pappen.Det siste er vel kanskje meir normalt,men alikavel…

Sto opp for å ta piller for elendigheita,så kokte meg likegodt kaffi.
Ute ser det ut til å bli nok ein fin dag.Men no har vinterkulda gjordt sitt inntok.
Stjerneklart.

Lyspunkt.Novemberkaktusen overlevde som nokre av dei få luseangrepet her i huset.
No er dei begynnt å blomstre:-)

Berre få som er sprotne ut,litt meir på den rosa:-)

Her må ein ta dei lspunkta eg får:-)

Kjøpte meg roser fordi eg sns eg fortjente det

Viktig å belønne seg sjølv innimellom.
Litt godt her i sofakroken
Trur berre eg skal nyte kaffikopen og soloppgangen som snart kjem.Ser det lysner litt over fjella.Slike litt kalde skfrie morningar er vakre og relativt sjeldne fortida.
Burde henta ved i går,men teppe gjer susen så lenge.
Jau då.Varmepumpa er på,men merker at kulden sit litt meir i veggane.

God søndagsmorning 🙂

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg