Gamla på ville vegar

Litt usikker på kva for virus eg fekk idag.
Trengde mjelk og ketsjup så fann ut at då kunne eg jo smelle på fjellet i same slengen
Det er då ein har høg tillit og tru på seg sjølv og sin eigen kondis


Før meg ikkje ut i frestelsen!!

No er eg retningsvill og temmeleg rotete,men ein ting veit eg..
Einingsfjellet er ikkje der pila peikar…Trur igrunnen dei burde kutta den pila eg altso.
Pakeringa er eg godt nøgd med..
Det var herifrå det tok av.
Helsiken kor tungt.
Pusta som belgen til sekkepipa.nesten så eg kjende kor det reiv og sleit.Korleis kom eg på denne ideen…

Vått og slept og blytungt
Fekk jo hjelp.
Bles ein sabla medvind.skubba i det beste den vann.
Skal meir til for å få fart i eit baktungt spetakkel på tur.
Godt eg var godt rusta mot vinden.

Kan ikkje hukse eg har brukt sååå lang tid før

Var igrunnen så surt og vindfullt at eg ikkje heilt fekk nyte utsikta.

Huttetu.
Fekk no iallefall åpna tette nasebor og ellers det som måtte gått tett

Utsikta er super og eg var sjeleglad eg hadde kjempa meg opp til toppen

Hårreisande tilstander oppå der
Boka er forresten overutfyllt,så der trengst ny,altso…
Og ikkje ein dag e stoppar for å nyte utsikta.kva gjorde eg igrunnen der i den vinden..

Fekk hovudverk av heile greia

Vel nede så tenkjer eg att….jaja her kan kondisen forhåpentlegvis gå kun ein veg.
Andre hadde klart 4 turer på same tida..
Men kom meg både opp og ned.
Ikkje berre det heller.
Godt fornøgd med utelivet for idag.
No er det mat og sofakos.
God helg frå meg.

1 kommentar

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg