Kor vart det av kondisen

Kom an då ..Gale Lise var på høgget idag.
Hjelp då søren meg ikkje å stønne over for mange kilo og dårleg kondis,når det einaste ein gjer er å sitte på reva å ete..
Ho har så rett…Kva gjer ein uten eit alterego..
Eg berre spør
Fy søren so tungt det var.
Pusten gjekk så ein høyrde meg ut i Bulandet.

Mange stopp for å nyte utsikta🙂Kan ein no sei..

Vakkert for auge og godt for kondisen.
Fekk pusteproblem.
Allergien gjer det ikkje bedre.
Noko må ein skulde på.

Utsinta gjer noko med ein.
Kom meg no opp til slutt.
Der var det rikelig med luft
Steik kor det bles.

Litt greit å gå nedover att.
Men når ein først kom opp var slitet glømt.


Kjekt med slike pærler i nærområdet.
Så får det våge seg at det er i nabokommunen
Angrer ikkje.
Godt å vere litt fysisk sliten.
Det er helg❤.

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg