Nattens fabuleringa

Budsjettmøte og turnusgodkjenning er lite lurt på same tid.
Iallefall for slike som meg,som har ein hjerne som jobber på spreng når ein skal sove eller søv.
Sovna eg altso,men vakna av eit uløst problem
Så då var det berre å stå opp og finne ut av saka.Lys våken men trøtt.
Dette skal bli litt av ein dag
Formanskapsmøte og turnusgodkjenning:-)
Skal vere glad når årets økt med begge deler er overstått så gamla får sove.
Då er det vel noko anna som skal løysast nattestid:-)

Meldt full vinter og eg skal ut på tur med bil i ettermiddag.Gruer meg alltid til drittføre.Må jo køyre før og altso
Det er då eg hadde ønska eg budde i meir sentrale strøk der det fans kollektiv trafikk.
Bensinprisane er skyhøge.
Straumprisane og for dei med el.bil..og valget har vi ikkje.

Har og fundert på kor eg har advendsstakane og om der er lys i dei….Adventslys bør eg vel og skaffe meg før helga.
Her er det snakk om å ikkje vere ute i god tid.Ingen julegaver innkjøpt.
Aner ikkje kva eg skal kjøpe

Kanskje eg rett og slett skal vaske håret.Har jo god tid å tørke :-)Sove får eg jo ikkje
Sånn,no er det fiksa,og eg trur eg legg meg ned på sofaen ein times tid:-)

Ha ein fin torsdag når de vakner:-)

4 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg