Nok søvn no,trur eg

Har meir enn mindre sove sidan eg gjekk av natt i gårmorgon.
Borte vekk.
Kroppen trengde det sikkert,,,
Vakna langt ut på føremiddagen idag.Potte tett.
Antar det er allergi…
Så etter kaffi og gjesping gjekk eg innom naboen .
Du veit du er lite utom døra når naboen ringer for å høyre om alt står bra til:-)


Er der liv er der håp tenkjer eg.Same gjer denne stakkaren:-)

Minner om ei svunnen tid,der ungane leika og klatra.Ser ikkje ut som denne er brukt på ei stund..Men eg kan ta feil”

Kunne vore ein fin plass.Men eg lurer på kva desse platningane gjer der..Mulig eg er litt treg.
Ikkje at eg har noko med det,men for meg ser det litt rart ut


Gjorde godt med litt frisk luft.Om ikkje anna så vakna no hjernecella:-)

Grå dag idag.Prøvde gå litt inngjennom skogen,men hadde låge sko,og det var litt for vått for det skotøyet.
Litt gråver gjer ingenting,så lenge det berre yrer litt

Funne fram heklet mitt og krølla meg opp i sofaen,mens eg er vitne til dramatikken til desse stakkars norske skiskyttarane…Litt trasig når nokon skyt på skiva di og du attpåtil må gå strafferunder.
Litt rart at slike ting skjer i ein verdenscup.tenkjer eg.Ikkje at dei hadde vunne uansett…

Vurderer om eg kanskje skal ned og rydde i fryseboksen.Finne ut kva eg har der.Kan vere lurt av og til:-)
Noko anna enn sofene bør eeg kanskje gjere på ein fridag.
Trøtt er eg iallefall ikkje

God lørdagskveld:-)

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg