Oppover er overdreve:-)

No er eg altså veldig glad i å gå i skog og mark…Bortover…
Er berre det at når ein då skal gå oppover at det skjer eit eller anna.
Beina vil liksom ikkje.Kor er den kondisen ein trur ein har?Totalt borte vekk…Bortoverkondis:-)

Kvifor er det mykje tyngre å gå etter skogen vart vekke,enn før?.Føles så mykje lenger opp.
Er vel noko med at den ein ikkje ser har ein ikkje vondt av…
Men det hadde eg.Fader for eit slit…uff
Og er ikkje så langt..
Plutseleg to flotte trappetrinn.Gjeld å finn dei små lyspunkta:-)

Er ei stund sidan gamla har vore her,ser eg.Kommen ny gard og grind:-)Var igrunnen nødvndig,men alikavel:-)flott jobb og held nok sauene innafor

Endeleg målet i sikte.Kald nordavind idag og ikkje sånn kosetur.

Alden..Den Norske hest:-)

Vidsyn.Dagsturhytta i Fjaler.Var open og idag,men treng litt omsorg

Koselege turvandrarar traff eg og på.
Liker helst bortover eg,så tok den lengste vegen nedatt frå toppen.
Litt for vått ,men flott:-)

rekreasjon for kropp og sjel

Men altså…Kjempeflott i sofaen med ein kopp kaffi,litt sjokolade og ei god bok og.
Ser Camp Culinares på tv og nyt livet.
Slutt på tur i skog og mark på blå resept.
Tilbake til den normale kvardagen.
Reknar med at då kjem varmen og..Håper på det,så musklane kan slappe av litt:-)
Ha ein fin søndagskveld

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg