Sofa og Trump

Han er i Nord Korea.om berre eit skritt eller to
Visst vorte gode kompiser.Helser på.
Gode venner skal ein ikkje kimse av.
Overrasker stadig,og håper det kjem noko bra utav det.

Hos meg er det roleg oppvåkning i sofakroken.
Heimeferie og ruskever.
Har regnklær,så skal nok komme meg utom døra..
Men ikkje no.
Kjenner meg litt gjennomrista etter fleire timar med høgtrykkspylar igår.
Ser litt bedre ut utanfor,men det skulle no ikkje så mykje til.
Er dette å komme igang.

Må ned å plukke litt jordbær..
Ikkje så mykje,men gode å ete.

God søndag

5 kommentarer

Siste innlegg