søvn er oppskrytt:-)

Får ikkje sove av ein eller anna grunn
Tenkte at eg skulle sove godt i eiga seng eg,men den gang ei sa Tordenskjold

Slo på tv for å sjå om det var noko som skjedde i ol
Medaljeutdeling i svømming på Tv Norge

Hadde ikkje fått med meg kven som hadde rettigheitene eingang.Så mykje er gamla med:-)

Tjukk skodde ute.Ser blå himmel,men er meldt innever.
Passer meg igrunnen heilt flott

Har lese gjennom nyheiter og prøver få kontroll etter ferien
Stigande smittetal ..Er vel å forvente sidan vi har åpna opp for reiser og uteliv
Vi gløymer litt vi er i ein pandemi no i sommarferien
Såg det på Gol igår.Var ganske så tett på butikken med klær,og få hadde munnbind og var heller ikkje nokon meter mellom folk
Der ein ser eit skilt med salg,der forsvinn det vi måtte ha av forstand:-)

Kanskje eg bør legge meg litt på sofaen og prøve om eg kan sove litt her.
Klokka er tross alt berre 05
Sovner kanskje godt til svømming på tv:-)
Verdt eit forsøk:-)
God morgen

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg