tale er sølv…
Har prøvd å vere stille nokre dagar.
Gå litt under jorda.
Er ikkje typen til å vere stille igrunnen.
Kjeften går iett.
Snakker på inn og utpust…
Tante Inger har bursdag idag så hipp hurra.
Litt for langt til at eg kan stikke innom på kaffi.
Heilt ærlig har eg kolapsa i sofakroken.
Laga meg salat og kyllingvinger og tek chips til dessert.
Så får vekta berre stige til himmels.
Gamla er sliten og det er helg❤
Hipp hurra for besøkstjenesta i røde kors.
I går var dei på plass hos oss…på jobben altso..eg er nærmast flytta inn.
Med seg hadde dei musikarar .
Dans på lokalet.
Stor stas og kjempestemninng…
Får sånn godfølelse.
Rett og slett triveleg.
Til og med gamla fekk danse..
Idag er det ruskever.
Null energi på meg fortida..
Omtrent som ei utsleta vaskefille..
Jaja…
Imorra er det atter ein dag
Ha ein super fredagskveld
He-he, nei noen prater lettere enn andre 🙂 Godt å krype i sofaen og kose seg, for i morgen blir det MYE å gjøre for meg i alle fall 🙂