Telenor,regnver.vind og hekling

Kjære kunde..
Vi vil no slutte å reparere kobbarnettet…du kan fritt sei opp kundeforholdet..
Jau..til kva.
Skjønner at fiber er tingen..
Men ,her uti periferien så får vi ikkje det..
Telenor er einaste som har mobilsamband..
Så kutte dei heilt ut kan eg ikkje.
Er vel satelitt som vert løysinga når nettet til telenor ikkje vil meir..
Og det er ein smule dyrt..
Må liksom ha internettforbindelse..

Ikkje berre berre å bu i distrikta..

Ruskever er det og.
Skikkeleg surt..
Så her sit gamla.
Stapper i munnen det eg måtte finne..
Hekletøyet er funne fram..
Mem…det stemde ikkje.så her vart det oppattrekking og mindre pene ord på ein søndag..
Fy skam..
Ser på sport og jubler med dei som kaver i veg og håper på vår..
Skal nok gå meg ein tur..men ikkje endå..
Orka ikkje..
Tiltak med denne påkledninga..
Hett og godt her inne.
Er no søndag.

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg