Berre elendigheit

Her går det frå eine krisa til den andre

ja det er ikkje dei store krisene,men desse små som vi alle er plaga med til tider:-)

Først den gode nyheita..Musa måtte gi tapt…Skal ikkje fortelje om siansen det var å få den utav fella…Det er eit kapittel for seg

No har eg fortsatt fellene oppe, med stor fare for at eg skal misse ei tå..

Kan jo vere heldig at dette var den einaste musa,men er ikkje så sikker

 

 

Men etter at eg glad å letta hadde vorte kvitt musa ,så skulle eg jo på jobb.Hadde heldigvis lagt inn litt ekstra tid,for var tenkt å handle..

 

Skriv tenkt,for slik vart det ikkje…Bilen ville ikkje starte . Krise,,,.Ringde jobb i håp om at nokon skulle forbi her,men nei…Ikkje så mange som skal forbi meg..

Nærmaste naboen var vekke…så ringde den neste…Stakkaren var nesten kommen på butikken,men hørde nok krisa i stemma mi….for eg vart henta og kjørd  på jobb.Mulig det er startmotoren sa han,men ikkje sikkert. Såg formeleg  tusenlappane rulle.Det gjer dei no frå før av i desember…

No fekk dei no start att på bilen i løpet av kvelden…Kjekt med søner og eksar:-)Men der lyste ein rød varselkant…har den lyst lenge,sa min håpefulle…

Nei det hadde den altså ikkje..Eg kjører ikkje rundt med raude varseltrekantar  sjølv om eg nok er litt surren:-)

Fått fiksa det og…Mangle berre litt bremseveske,men sidan det fortsatt lyste var eg ein snartur bortom Fure.mek…Greie folk

No er det ingen krise meir og forhåpentlegvis får ikkje bilen fleire nykkjer på ei stund..Den er næmlig temmeleg dyr i drift og treng stadig vekk nye deler:-)

Tilårskommen den, nett som eigaren

#humor #ironi

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg