Nei og nei😣

Vakna opp til ein nydelig dag😊
Fri og allting.Sat med kaffikoppen og tenkte at ..fjelltur er tingen..
Men så er det den fornuften.
Har vedomn…sikkert eg som ikkje venter lenge nok før eg legg innpå

Men blomster og det meste rundt vert dekt av støv…merkar det på lufta og syns eg…så idag vart det dusjing av blomster og risting av tepper.
Ikkje nett ofte eg gidd for noko husmoremne har eg aldri vore.

Fann ut at eg kanskje burde lufte sengetøyet i same snuren

På soverommet har eg ei diger stålampe med mange armar og stor kuppel..Virker ikkje etter at lynet tok den..Har fungert supert til å henge vesker på😊
No er ikkje soverommet mitt så stort så ting bør tenkjast over før handling.
Men idag fata gamla sengtøyet,la breisida til og ville presse seg forbi lampa og ut altandøra…
Lampa la seg med full tyngde og liksom i sakte fart til sides.Small med eit brak i nattbordet.Glasbrota fauk som små meteorittar over heile soverommet…
Ikkje berre sengtøyet som fekk litt luft idag..
Mulig det var eit hint frå oven om å skjerpe meg😣

Men mens eg rota rundt fann eg ei notisbok frå ihøst..
Etter råd frå ein kollega skreiv eg då ned kva eg åt..kva eg vog og kor mykje eg trimma…sist var i november

Fekk nesten sjokk eg..Er antageleg sjølvfornektelse…Har på 3 mnd lagt på meg 5 kilo…Amen..

No har eg fundert..kva er sjedd..
Et vel endå meir sikkert..
Men eg har ikkje gått på fjellet sidan i høst…Er nok forskjellen..Gjer seg med nokre fjellturar i veka..
Ikkje heilt det same å luffe etter vegen.

For å gjere det heile perfekt så vart eg bedt til mamma på raspeballer.
Tommelen opp..
Men når eg et meir aleine enn dei andre til saman så er det nok der årsaka ligg😂

Tok meg ein trøstetur..
Ikkje så mange kalloriar som vert forbrende men utruleg godt for sjela..
Litt skyer uti horisonten og nydeleg solnedgang

Vel heime har eg funne fram eit mysterium…
Eit nett med enkle sokkar..
Får ta å tømme dei på golvet i håp om at eg finn nokre par til slutt

Litt flaks må eg vel ha❤

#ironi#humor#naturbilder

1 kommentar
    1. Ja sånne dunker med enslig sokker har jeg også..mysterium det der..hihih..Så flotte bilder! og håper du koste deg med middag! Det var nok meningen du ikke skulle ha gjort huset i dag..derfor lampa gjorde så mye ugang..hihih.. Ha en god kveld!

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg