Gamla på tur😄

I dag har eg vore på jobb ei tid
Var liksom kommen med gåing på gli
For er ikkje få steg ein trakkar omkring
Når ein skal prøve å hjelpe å få andre i sving

Så då gamla kom heim gjekk ho rett på tur
Gjekk veldig seint og eg vart nesten sur
Pusta og pesa og låra var stive
Og skrotten var tung og måtte etter pusten hive

Men eg kom no opp og eg fekk no sjå
Den vakre utsikta der er der oppå
Vel er kondis ferskvare, men når slår den til?
Eg går nesten kvar dag men eg får det ikkje til

Jaja eg får vel leve med dårleg pust
Får no i det minste rikeleg frisk luft
Eg nyt naturen og berre håpar på
At eg slepp ein einaste orm å sjå😐

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg