Her går det unna😁

Hatt meg ein Førdetur med Pengesluket..
Han kjenner jo vegen så godt at han nesten kunne reist aleine😙

Gamla fekk sprøyte på auget og ser no litt anstrengt på tilverelsen..

Pengesluket fekk bensin…får vere fornøgd med det.

Kjøpte meg nye sko..
Var på høg tid..må jo nesten kunne vere skamlaus…gode å gå i så langt..😙

Har hatt ruta mi etter vegen

Er rett og slett rekreasjon for kropp og sjel
Vegkantane er fulle i blomster

Vakkert

Og markjordbær…søte.
Har jordbær i villnisset mitt eg og

Som naboen min sa så treffande eingang…
Desse må jo passe veldig godt til diabetikarar😙😎dei er næmlig ikkje særlig søte.

Blåber har eg og…ikkjje måte på..
Litt små iår syns eg men…søte og lekre…ser ikkje ut eg etter å ha grytt i meg…men no gjorde eg no ikkje det før heller😎fordelar med naturhage😶

Syns desse er vakre eg…
Ugras vil vel mange sei men dei trivst iallefall hos meg…
No er det ikkje så ofte det skjer så då er eg glad til😁ikkje så kravstor.

Skulle igrunnen lage meg middag .men var så svolten at eg tok skive med leverpostei😊
Smakte fortreffeleg..middag får eg ta seinare…
No trur eg eg må slappe av litt…kanskje eg burde sette lappe på aucet så det fekk kvile litt
Vi er litt sånn rufsete begge to

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg