Frisøren har fjelga meg litt❤

Vore hos Laila og fått litt orden på hårtustane.
På høg tid…såg ikkje ut🙄
Tok likegodt augebryna og for dei voks villt
Av og til så tenkjer eg at…hjelpe meg.
Eg kan jo i det minste gjere det beste utav det.

Vart ikkje så verst🙄
Under kan sjølv ikkje Laila utrette🤗

Men ho gjorde no det beste ho vann

Vel heime fann eg ut at kroppen og trengde eit løft og nok hadde godt av litt trim

Vakkert

No har det regna litt kan ein sei
Treng nesten symjeknappen enkelte plassa

Syns skyene verka veldig truande så tok på meg regntøy før eg labba avstad..
Snakk om å bomme med antrekket.
Sola skein og hett var det…
Svett og forkava tok eg regnjakka rundt livet..

Litt usikker på om det var den flotte frisyren eller svettelukta som gjorde susen ,men plutseleg vart eg veldig tiltrekkande.
Kretsa rundt meg på alle kantar klare til å syge seg fast i huda mi…
Vel føler eg meg ikkje så veldig populær sånn til vanleg..
Men dette vart vel mykje for meg og…
Fekk på meg att jakka til eg berga meg ut or faresona😶
Kleggen kan kaste seg over nokon andre😶
Kom meg no heim og fekk kledd meg etter veret🙄
Vind men flott ute..

Landa på altanen med ny bok
Må halde fast, for er litt luftig i vinden
Men ikkje så farleg…sola skin❤

#frisør#tur#foto#humor#ironi

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg