Eg må ha meg bil🙂

Må det…
Dette kan jo verte morsomt.
Har ikkje peiling på bil i grunnen.
Har hatt ein Toyota Carina i mange år. Storfornøgd med den…
Derfor Toyota

No har eg pengesluket. Volvo og stasjonsvogn….elendig å rygge etter speglar…så skal ikkje ha stasjonsvogn, og må ha ryggekamera seier prinsen…Han har hatt nokre turar med besta og Pengesluket..

Har ikkje trening med automatgir…så skeptisk.

Vil ha bil og ikkje padde så kan ikkje vere alt for liten og heller ikkje for stor…
Vil helst ha bensinbil…hybrid kanskje…men ikkje elbil…
Kor skal eg lade?

No har eg to sønner og har sett dei på saka…
Betale må nok eg…eller banken..rett skal vere rett:-)Må berre låne først
No har eg no tenkt å vinne i lotto så eg må berre legge ut så lenge😍

Har i grunnen litt merkelege krav til det meste…
Ikkje rart eg bur åleine☺

Pengesluket dreg på åra og er litt sjuk stakkar så vi får ringe verkstaden imorra….

Var igrunnen ikkje så glad i han heller med det same ,men vi har funne ut av det.Vi slit berre litt med den der rygginga:-)

No fekk vi forsynemeg bronse i Vm….Vi…eg er jo med:-)

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg