Latskapen lenge leve 😙

Eg forstår ikkje kor folk tek all den energien sin frå
Klarer å halde huset strøkent ,spring på fjellet aktive i det eine og andre i tillegg til full jobb

Imponert eg.
Vel eg klarde vel litt meir før, men no får eg ikkje reva i gir🤓

Mangler ikkje på planane og har til og med ferie…men gjer eg noko…
Langt ifrå..

I dag har sola skinne i opptil fleire timar..regnet snakker vi ikkje om
Så gamla kasta all dårleg samvit over skuldra og tusla etter vegen.❤Hærlig..

Støvsuga etter mykje om og men over golva.
Husarbeid er ikkje mi greie..
Mulig eg får att litt arbeidslyst ein dag..
Kan jo leve i håpet..
Men matlyst er bra😚og har det fint i mi eiga boble
Trøsta meg med at alle er ulike og ikkje alle kan verte verdensmester.

Eg er som eg er…sjølv om det nok er forbedringspotensiale

 

#humor#ironi

 

5 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg